I over 35 år har me levert høg kvalitet og tverrfagleg kompetanse der me lever og bur. Målsettinga vår skal bidra til direkte lokalverdiskaping der me lever og bur i Suldal - kortreist arbeidskraft, kompetanse og faste arbeidsplassar.
Tverrfagleg kompetanse skapar samhald, arbeidsmiljø og god utvikling. Ved å byggje lønnsamt i fjell og betong, gir det fast arbeid gjennom heile året til alle våre tilsette. Først då vil lokalsamfunnet fullt ut dra nytte av vår bedrift med god livskvalitet i bygda og optimisme for framtida.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø med tilsette med spreidning i alder, med ulik kompetanse og erfaring, og dermed variert tenkemåte. Det gir mangfald, kreativitet og gode løysingar.
Me tilbyr læreplasser innan våre fagområde for å bidra til at lokal ungdom får tverrfagleg kompetanse og skapar lokale arbeidsplassar innen bygg- og anleggsfag.