BG Suldal prioriterer fortrinnsvis å støtte frivilligarbeid i lokalmiljøet. Der bidreg me med kompetanse, rådgiving, utføring av administrative oppgåver, praktisk dugnadsarbeid og økonomisk støtte.
Arbeidet Helen utfører med administrativ oppgåver som leiar i Suldal IL er ein stor del av dette bidraget.
Det gir eit bidrag direkte tilbake til våre tilsette som skapar verdiane for lokalmiljøet og bidreg til at Suldal er ein god plass å bu for både vaksne og ungar.
Kortreist og bærekraftig i alle ledd. Dei som bur her gir av si fritid til å skapa eit godt lokalmiljø, og meir bærekraftig enn det kan det knappast bli.