Store totalentreprisar og fleire pendlarar – kor ligg gevinsten for fastbuandei det?
Politikarar og administrasjon i Suldal, strategien må endrast og de må ville rigge prosjekta dykkar slik at det kan gi arbeid for fastbuande. Me syter i Suldal over mangel på folk, ungdommar og tilgong på arbeid, men skal me lukkast med å snu trenden må me nok starte med oss sjølv; med engasjement for arbeidsplassane me har, vise vilje til å endre tenkjemåten og handling.
Lokal aktivitet og tilretteleggjing for positive ringverknadar
Det er privat næringsliv som skapar aktivitet, ikkje offentlege stillingar, dei eksisterer som ein konsekvens av at kommunen skal yte service til innbyggjarane. Suldal og innbyggjaranetreng tilgong på arbeid for oss som bur her, skal det vera framtidsretta og skapa folketalsauke.
Omfanget av planar og visjonar,slagord, kampanjar og totalentrepriser er ikkje mangelvare, men å omsette konsesjons-millionane våre i lokalt arbeid til eigne innbyggjarar, viser kommunen liten vilje til. De vil investere og byggje, samstundes som de oppmodar oss til å ta risiko og skape lokale arbeidsplassar, men å kjøpe vår lokale kompetanse og tenester, det skjer kun i småskala. De må ta konsekvensen av befolkningssituasjonen her og vise vilje til å planlegge prosjekta med mindre kontraktar som kan stimulere lokalt næringliv slik at distrikts-firma med færre tilsette får sjanse til å delta. Kommunen skal investera i underkant av 1 MILLIARD dei kommande åra. Med dagens utlysingsmodell, blir det i beste fall berre lommerusket att til lokalt næringsliv.
«Aktivt næringsliv gir godt bygdeliv» kling godt, og de kjøper reklameplass i avisa for at befolkninga skal ta julehandlen lokalt. Me antar de i den samanheng meinar å kjøpe varer og tenester av lokalt næringsliv med faste arbeidsplassar, men de sjølv viser det så altfor lite i praksis.
Investeringsverdiane hamnar ut av kommunen
Suldal kommune har på dei to siste (Suldal bad og Suldal sjukeheim) investeringsprosjekta med høg investeringsverdi valgt å følgje same trend som mange i sentrale strøk – totalentreprise. Kva vil de oppnå: lågare risiko til høgare pris, og minst mulig arbeid på dei store prosjekta til lokalt næringsliv? Sjå til Nye SUS, der har dei planlagt og gjort strategiske, bevisste val slik at dei har sikra kontraktar til lokalt næringsliv og fått positive ringverknadar på kjøpet.
Prosjekta dykkar bør planleggjast for å skape mest mulig lokal aktivitet: De må gå føre som eit godt eksempel, og IKKJE ekskludere lokalt næringsliv ved å gjere kontraktane så store at de «gir» arbeidet ut av kommunen vår. Om det er bevisst eller ikkje, får kommunen svare på, men kva vurderingar som er gjort rundt desse vala skulle me gjerne visst. Om folk og næringslivet i Suldal hadde handla på same måte, hadde folketalet garantert vore enda lågare.
Det må til ei endring i investeringsstrategi
Det blir sendt tydelege negative signal til lokalt næringsliv ved denne type investeringsstrategiar og tilliten til eit felles mål forvitrar. Det blir stor avstand mellom bodskapen i visjonane de har for kommunen si framtid og kva de syner i handling. Me har valgt å flytte heim og drive bedrifter, men får ikkje sjansen til å delta i dei største prosjekta som kunne nytta lokal kompetanse, arbeidskraft og skapt aktivitet hjå våre eigne, med påfølgjande positiv utvikling og optimisme for framtida her.
Har de tenkt over kor mange millionar me betaler for ekstra-kostnadar i ein totalentreprise-modell? Her kjem mellom anna påslag for leverandørar og risiko, garantikostnadar mellom alle aktørane og summen totalentreprenøren skal ha for å leia og detaljprosjektere prosjektet. Eit forsiktig anslag på ein kontakt verdt 300 millionar utgjer «ekstra-kostnadane» rundt 15% som betyr 45 millionar. For denne summen kunne kommunen kjøpt utruleg mykje kompetanse til å ta hand om byggjeleiinga sjølv og i tillegg opna for lokal deltaking i mange fag.
«Smular» lokkar nok ikkje ungdommen heim
Det er ikkje tilstrekkeleg med store inntekter, bad og sjukeheim. Folketalet synk og snittalderen aukar. Me vil ha ungdommane heimatt med utdanning i bagasjen, men til kva? Dagens handlemåte frir i bestefall til eit pendlarliv. Kommunen viser seg glad i å handle utanbygds, men frir til bygdefolket om å handle lokalt. Det er eit paradoks. Utdanna ungdom vil vera med å «skumme fløyten» også i Suldal, men det er lite motiverande når ein ser at ein i beste fall får «restarbeida» når andre har fått forsyna seg. Får ein derimot delta skapar det tilknytning og stoltheit.
Om kommunen fortset å lyse ut investeringsprosjekta på same lest som i dag, blir det svært vanskeleg for å legge «press» på dei andre store samfunns aktørane/byggherrene, eksempelvis Statnett/Statkraft/Lyse/Hydro,ved å stille forventningar til at kommande investeringsprosjekt i vår kommune skal tilretteleggjast for lokal deltaking.
Vis endringsvilje og kreativitet for kommunen vår si framtid
Vis kreativitet som kan gi eit positivt bidrag til at yngre menneske vil bu og får bruke sin kompetanse her. I Suldal kan me og i Suldal vil me bli. Sjå til dei beste som gir arbeid til «sitt folk» og lytt til lokalt næringsliv, dette kan i stor grad endrast ved målretta grep. Det skal SÅ lite endring og kreativitet til viss de tek styring på kommunale prosjekt, handlar lokalt og legge betydeleg fleire investeringskroner att i lokale arbeidsplassar. Skap optimisme, vis vilje til endring og invester i ei framtid for Suldal!
21.11.2022, Helen Moen Gjuvsland, BG Suldal as